Førpremiere med regissørbesøk: "Kjærast"

Bilde fra Kjærast

Førpremiere med regissørbesøk: KJÆRAST – Jon Fosses første filmmanus. Torsdag 3. september kl. 17.00 inviterer vi til ei heilt spesiell førpremiere på KJÆRAST. Vi er stolte over å få besøk av regissør Erik Poppe, som innleier visinga og deler tankar om arbeidet med filmen før framsyninga. KJÆRAST byggjer på Jon Fosses aller første filmmanus. Nobelprisvinnaren i litteratur har skapt ei forteljing der det enkle rommar det store, og i Erik Poppes regi blir historia levandegjord på lerretet med ei sjeldan nærleik og intensitet.

Om filmen:

Asle og Gerd møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkomen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken? Dette er ei sjeldan moglegheit til å oppleve filmen før ordinær kinopremiere – og samstundes møte regissøren bak filmen.